Skakke Bålbacon
Skakke bålbacon såg dagslyset i rein naud, etter at jegerlaget og jaktkameratar til Roy Martin hadde sakna eit skikkeleg godt røykt, tørka bacon som dei kunne hatt med seg i sekken. Bålbaconet vårt er laga av førsteklasses magert kjøtt frå Fatland i Ølen, der svinesidene blir spesialplukka til oss etter tjuknad og marmorering. Kjøttet blir tørrsalta i ei blanding av salt, sukker og ei klype nitrittsalt. Så blir det skylt av og tørka i eit døgn før det blir godt røykt på spon av epletre i kontrollerte temperaturar. På slutten får baconet temperaturen heilt opp i 72 grader for å ta knekken på listeria og for å få fram den nydelege brunfargen i røykt kjøtt. Etter det blir baconet kjølt ned umiddelbart og sett igjen til tørking i eit døgn til.
Dette er ein veldig gammal tradisjonell måte å konservere kjøtt på, samt at bruk av nitrittsalt og høg temperatur på slutten gjer produktet ytterlegare trygt for forbrukaren. Røyking på spon av epletre gir ein spesiell sødme til kjøttet som passar baconet heilt perfekt. Baconet er tørka ca 20% så det kan steikast på eit bål, grill eller panne. Det hoppar ikkje ut av steikepanna sjølv om du frese-steiker den i nøytral olje på høg varme. Ved oppbevaring under f. eks. Eit kjøkkenhandkle, held baconet seg lenge i kjøleskapet og blir til slutt som eit speka kjøttstykke med djup røykesmak. Skakke bålbacon er ei oppleving å steikje og å eta.