Laks i lefse/svele
Her er Gunnar si oppskrift med Skakkelaks:
Steik lefsene etter oppskrifta under, lag ein rømmedressing med ramsløk. Smak til med litt salt og pepar. Legg ei til to skiver med Skakkelaks i svela saman med rømmedressinga, finhakk litt frisk ramsløk og strø dette på toppen. (Utanom sesongen kan du bruka grasløk). Dryss litt sesamfrø på og brett saman og server. Sveler er norsk tradisjonsbakst som stammar frå Nord-Vestlandet. Ofte brukt på alle ferger i vår region. Det finns svært mange gode sveleoppskrifter, men den aller, aller mest berømte oppskriften av dei alle er truleg «MRF-svela»! (MRF står for Møre og Romsdal Fylkesbåtar)
Oppskrift lefse/svele
5 egg
2,5 dl sukker
1 toppa ts. natron
1 toppa ts. hornsalt
1 liter kulturmjølk
1 liter kveitemjøl
75 g smør
Tips:
Sveler skal helst vera på storleik med ein liten desserttallerken eller ei lita steikepanne (18 cm i diameter).
Denne oppskrifta gir 15-20 sveler, litt avhengig av kor store du lager dei.
Framgangsmåte:
Pisk egg, sukker, natron og hornsalt godt. Rør inn kulturmelka og kveitemjølet og til slutt smelta smør. La deigen stå og svelle nokre minutt. Steik så sveler i varm steikepanne eller på takke. Bruk litt smelta smør eller formspray i panna under steikinga. Serverast nysteikte, med smør (ideelt sett setersmør som er litt ekstra salt), sukker, sirup, syltetøy eller brunost.
Gunnar Nagel-Dahl
– Står i brann for god mat
Seniorkonsulent og Matattaché hjå fylkesmannen i Hordaland.
Kokk, kjøkkensjef, produktutviklar, salssjef og driftsleiar i Studentsamskipnaden før nåverande jobb hos Fylkesmannen. Oldermann i Bergen Kokkenes Mesterlaug og styremedlem i Norges Kokkemesteres Landsforening. Medforfattar i bøkene Matgleder fra Hordaland og Veier til Vestlandsmaten.
Æresmedlem i Nordic Chefs Association.
Ein kokk med mange jern i elden
Gunnar jobbar med næringsutvikling og rådgjeving innan lokal matproduksjon, held foredrag innan mat & reiseliv og er kurshaldar i matproduksjon for etablererar. Har vore og er festivalsjef for Norges største lokalmatfestival, Bergen Matfestival dei siste 15 åra. Stiftar og styremedlem i Bergen ølfestival, styreleiar i Slowfood Bergen, matansvarleg i Fjord Norge standen på mat- og reiselivsmessa Grüne woche i Berlin og dommar i Det Norske måltid.
Er med i kokkegruppa Chefs dinner Norge, som består av 5 kokkar som lever og åndar for lokalmat. Dei tilbyr opplevingar og middagar med lokalmat og humor, med noko av det fremste Norge kan by på av lokale råvarer og kreativ kokkekunst. Ein kan bli svolten av å lesa mindre enn dette. Me er glade for å ha Gunnar med på laget til Skakkelaks.